Job Description
Om universitetet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forskning og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Prosjekt og stillingsmål
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fluidmekanikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til ERC Starting Grant-prosjektet OceanCoupling. Stillingen har som mål å utvikle nye teoretiske rammeverk for koplinga mellom flerskalastømmar som involverer havoverflatebølgjer, submesoskalastrøm, turbulens og vindpåverknad, og å implementere modellane numerisk.
Arbeidsoppgaver
- Reprodusere og lære ein teoretisk modell for interaksjon mellom bølgjer og straum ved å setje riktige initial- og...