Job Description
Klepp kommune Frist Ansettelsesform Fast SFO-leiar Vil du vere med å bygge ein SFO som barna elskar å komme til kvar dag? I 2024 opna vår heilt nye skule - og no søkjer vi ein engasjert og inspirerande SFO-leiar som vil vere med å forme SFO-tilbodet vårt. Her får du sjansen til å skape ein kvardag der barna opplever leik, utforsking, vennskap og meistring kvar dag - i eit moderne og innbydande bygg, med rom som innbyr til kreativitet og aktivitet. Vi har eit flott uteområde, og skulen ligg rett ved det fine turområdet Klepploen. Som SFO-leiar får du eit unikt ansvar og ei fantastisk moglegheit til å påverke korleis SFO skal vere for alle barn som begynner hos oss. Du blir ein nøkkelperson i å byggje eit inkluderande, kreativt og aktivt miljø. Kleppelunden skule har omlag 300 elevar fordelt på 7 trinn. SFO har omlag 130 elevar frå 1-4 trinn. Skulen har omlag 50 tilsette, og 15 av desse arbeider og på SFO. SFO har eigen kokk som har ansvar for måltida. SFO leiar vil saman med rektor og...