Seksjonsleiar Akuttmottak

Haukeland Universitetssjukehus

📍 bergen, bergen, Norway

Full-time Other-General

Job Description

Om stillinga- **Vil du leie eitt av landets største akuttmottak - og vidareutvikle tenesta for framtida?**
Vi søker ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert leiar som vil ta ansvar for drift, kvalitet og fagleg utvikling i ei eining med avgjerande betydning for pasientbehandling i sjukehuset.
**Om Akuttmottaket**
Akuttmottaket er sentralt i sjukehuset si akuttkjede og tar imot om lag 45 000 pasientar årleg med komplekse og tidskritiske behov. Her arbeider fleire yrkesgrupper tett saman for å sikre trygg, effektiv og fagleg god behandling - når det gjeld som mest.
Eininga samarbeider tett med dei fleste avdelingar og klinikkar i sjukehuset, og er eit sentralt knutepunkt i beredskapen. Akuttmottaket er organisert under Mottaksklinikken, som består av fem seksjonar: Akuttmottak, Korttidsposten, Utgreiingsmottak 1 og 2, og Legeeininga. Vi er ein del av Mottaksmodellen, der fleire avdelingar og klinikkar samarbeider for å gi pasientar med behov for øyeblikkeleg hjelp eit best m...
Apply for this Position