Rådgjevar/seniorrådgjevar i Avdeling for digitaliseringspolitikk
Arbeidsplassen
📍 oslo, oslo, Norway
Job Description
Om stillinga
Avdeling for digitaliseringspolitikk har ei ledig fast stilling som rådgjevar / seniorrådgjevar i seksjon for personvern og digitale rettar. Seksjonen arbeider med implementering og forvaltning av EU‑regelverk som har stor betydning for den digitale samfunnsutviklinga i Noreg, som KI‑forordninga, forordning om digitale tenester og regulering av elektronisk identitet. Seksjonen har også ansvar for digital tryggleik, digital inkludering, kommunikasjonsvern og personvern. Du vil bidra til utviklinga av politikk på eit område med høg politisk merksemd.
Bruken av teknologi og digitalisering aukar, og påverkar kvardagen til kvar og ein av oss, og samfunnet som heilskap. Det gir store moglegheiter, men krev òg strategisk styring og regulering. Samfunnet er i rask endring, og både i perspektivmeldinga og digitaliseringsstrategien peikar regjeringa på utfordringane og behovet for omstilling. Digitalisering er eit nødvendig verkemiddel for å møte desse krava,...