Konsulent/teknisk tenesteforvalter
Frode Endresen
📍 bergen, vestland, Norway
Job Description
Vil du bidra til å styrke dei digitale løysingane for kollektivtrafikken i Vestland? Skyss skal tilby eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland. For å sikre stabile, framtidsretta og kundevenlege løysingar søker vi no etter ein konsulent med sterk interesse for teknologi, data og kollektive transportsystem.
Hos Skyss får du arbeide tett på buss, båt og ferje og bidra til tekniske løysingar som kvar dag vert nytta av tusenvis av reisande.
Arbeidsoppgåver
Hos oss vil du ha ei sentral rolle i forvaltning og vidareutvikling av tekniske system knytt til kollektivtrafikken i Vestland. Stillinga inneber tett samarbeid med operatørselskap, leverandørar og interne fagmiljø, og krev både teknisk forståing og god innsikt i kundeorienterte løysingar. Du vil også delta i oppdrag ute i felt, mellom anna knytt til buss, båt, ferje, haldeplassar og terminalar.
I rolla som teknisk tenesteforvalter vil sentrale oppgåver vere: <...