Juridisk Rådgivar

Haukeland Universitetssjukehus

📍 bergen, bergen, Norway

Full-time Other-General

Job Description

Om stillinga
**Vil du vere med og forme framtidas sjukehus?**
Har du lyst til å bruke kunnskapen din til noko som verkeleg betyr noko - nemleg å bidra til utviklinga av framtidas sjukehus? Da bør du sjå nærare på denne moglegheita!
**Arealkontoret** er ein del av Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen HF, og spelar ei sentral rolle i å planleggje og forvalte sjukehusareala våre. Vi sørger for at avdelingane får dei areala dei treng, at leigeavtalar med eksterne aktørar er på plass, og at eigedomsporteføjen til føretaket blir forvalta på ein trygg og framtidsretta måte. Vi har også ansvar for eigedomstransaksjonar og juridiske spørsmål knytt til eigedom.
Helse Bergen HF eig over 530 000 m² eigedom, og leiger i tillegg om lag 50 000 m² fordelt på meir enn 70 avtalar. Dette inneber eit omfattande og komplekst forvaltingsansvar, og stillinga gir dermed varierte og samfunnsrelevante arbeidsoppgåver for den rette kandidaten.
Arealkontoret er organisert under avdelinga **Arealfo...
Apply for this Position