Job Description
Hauge oppvekst har ledig eit 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar på Hauge skule. Hauge oppvekst er eit oppvekstsenter som består av Stasjonen barnehage med tre avdelingar og Hauge skule som er ein barne- og ungdomsskule med 94 elevar. Vi er eit oppvekstsenter som jobbar etter PALS-modellen. Dette er med på å gjere oss gode i arbeidet med å skape eit trygt miljø for barn i barnehagen og elevar i skulen. Vi jobbar systematisk med felles reglar, ros og god klasseleiing. Inkluderande barnehage- og skulemiljø, psykisk helse og godt samarbeid med heimen er sentrale tema hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein trygg vaksen i barna sin skulekvardag og på SFO
- Handtere utfordrane situasjonar på ein roleg og profesjonell måte
- Samarbeide tett med kollegaer og fagpersonar
Kvalifikasjonar
- Godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeider
- Andre med relevant erfaring eller kompetanse blir også oppmoda om å søkje...