100% sjukepleiarstilling ved Rus og psykisk helse avd. Jondal
Arbeidsplassen
📍 sætveit, vestland, Norway
Job Description
Vil du bidra til ein meiningsfull kvardag, med fokus på mestring, kvalitet og positive opplevingar for våre brukarar? Då er dette stillinga for deg!
Ved rus og psykisk helse avdeling Jondal har me no ledig ein 100 % fast stilling som sjukepleiar. Det er opna opp for at søkjar med annan sosial- helsefaglig utdanning også kan søkje på stillinga.
Ullensvang kommune har integrerte tenester for Rus- og psykisk helse. Tenesta jobbar ut frå ein modell der forskjellige aktørar, etatar og faggrupper jobbar saman på tvers av nivå, for å gje eit heilhetleg tilbod. Tenesta rettar seg mot menneske over 18 år, med ulike psykiske vanskar og / eller rusutfordringar, pårørande og menneske i livskrise. Tenesta omfattar førebygging, utgreiing, behandling, rehabilitering, oppfølging, støtte og rettleiing.
Tenesteområdet har eit fleirkulturelt miljø, engasjerte medarbeidarar, fagleg utfordrande oppgåver og fokus på å finne individuelt tilpassa løysingar til det beste for kvar ein...